Medlemsbrev

publisert i: Nyheter | 0

Samtidig har vi sendt følgende brev til våre medlemmer:

19.08.2015

Til medlemane

INFORMASJON
Haram Kommune har den 12.06.15. annonsert «Oppstart av arealplan og offentleg ettersyn av forslag til planprogram». Høyringsfristen er sett til den 20.08.15.
Slikt planarbeid er noko som treff midt inn i vårt føremål, og vi har historisk vore ein viktig aktør gjennom arbeidet med analyser og til dels «svulstige» planer tidlegare år. Desse har vore med på å virke til at vi mellom anna har fått travbane lagt til vårt område. Vår oppgåve er å representere medlemane på ein best mogeleg måte, og det er derfor viktig for oss å få fram kva som røyver seg av tankar i medlemsmassa.
Trivsel i sentrum har innan fristen sendt vedlagte brev som innspel til planprosessen.
Vi trur at vi vil verte høyrt i dette, og at det vil verte gjennomført eit informsjons- og idemyldringsmøte i vårt område i løpet av hausten.
I og med at vi held til i den delen av kommuna som har dei fleste positive utfordringane i tida framover, er det viktig at alle prøver å tenkje langsiktig, og er litt framtidsrett og innovative i høve til korleis ein ønskjer at areala i dette området skal disponerast.
Vi oppmodar derfor at alle medlemane set dette på kartet i eigen organisasjon, slik at vi er godt budde når møtet kjem. Det vert alltid kort tid frå ei utlysing og til møtedato, så førebuingane må starte snarast råd.

Meir informasjon om planarbeidet finn de på kommuna sine heimesider:
http://www.haram.kommune.no/Artikkel.aspx?AId=3302&back=1&MId1=197&MId2=3938&MId3=&
Er det spørsmål så ta kontakt. Vi vil kome ut med ny informasjon så snart vi har meir å kome med.

Med helsing

TRIVSEL I SENTRUM